Om Lagerutsalget

Lagerutsalget vart stifta i 1986, og har sitt utspring frå firma R. Sunde som vart stifta i 1917 av Rasmus og Dagny Sunde.

Sidan 1994 er det bornebornet deira, Reidun Sunde, som eig og driv forretninga.
Lagerutsalget starta i lokaler i Leirongane på Skårhaug, der vi heldt til i mange år. Men 2. april 2002 opna vi dørene i splitter nye lokaler midt i sentrum av Eid.
Målsettinga har heile tida vore å kunne tilby kundane rimelege prisar, utan at det skal gå ut over kvaliteten. I tillegg til "vanlege" ordinære varer finn du soleis hos oss ein del partivarer, overskotslager og 2. sorteringar.
Firma R. Sunde 90 år
 
2. november 2007
Firma R. Sunde vart starta 2. november 1917 av Rasmus Sunde. Saman med kona, Dagny, skapte dei grunnstammen i ei handelsverksemd som i år kan markere 90-årsjubileum. Dei tre yngste av fire søner satsa vidare på butikkdrift og ut frå denne stammen har det etterkvart vakse fram fleire sjølvstendige greiner. I dag finn vi på Nordfjordeid: Cubus, Skobutikken Sunde, Fargerike Sunde, Lagerutsalget og Møbelmagasinet Sunde. På Sandane finn vi Eurosko Sandane A/S, og i Måløy Lagerutsalget a/s.
Brødrene Sunde. Frå Venstre: Finn, Ove, Karl og Andreas |