Ei lang historie: vi feirar snart 100 år

Lagerutsalget starta i lokaler i Leirongane på Skårhaug, der vi heldt til i mange år. Den 2. april 2002 opna vi dørene i splitter nye lokaler midt i sentrum av Eid, og her finn du oss framleis. Målsettinga har heile tida vore å kunne tilby kundane rimelege prisar, utan at det skal gå ut over kvaliteten. I tillegg til «vanlege» ordinære varer finn du soleis hos oss ein del partivarer, overskotslager og 2. sorteringar.

Lagerutsalget vart stifta i 1986, og har sitt utspring frå firma R. Sunde som vart stifta i 1917 av Rasmus og Dagny Sunde.

Sidan 1994 er det bornebornet deira, Reidun Sunde, som eig og driv forretninga.

Firma R. Sunde vart starta 2. november 1917 av Rasmus Sunde. Saman med kona, Dagny, skapte dei grunnstammen i ei handelsverksemd som i 2007 markerte 90-årsjubileum. Dei tre yngste av fire søner satsa vidare på butikkdrift og ut frå denne stammen har det etterkvart vakse fram fleire sjølvstendige greiner. I dag finn vi på Nordfjordeid: Cubus, Skobutikken Sunde, Fargerike Sunde, Lagerutsalget og Møbelmagasinet Sunde. På Sandane finn vi Eurosko Sandane A/S, og i Måløy Lagerutsalget a/s.

Brødrene Sunde i sin ungdom. Frå Venstre: Finn, Ove, Karl og Andreas

Brødrene Sunde anno 2007. Her har vi frå venstre: Karl, Ove og Finn. No er det tredje generasjon som har overteke drifta av forretningane. Vi har alt å takke desse tre fantastiske karane og foreldra deira for: det solide grunnlaget dei har lagt for oss, og den verdifulle ballasten dei har sendt med oss ut på ferda, -på alle måtar! HIPP-HIPP-HURRA!!