……varmt og behageleg innerst mot kroppen

Ull er ein av våre spesialitetar. Vi fører eit rikt utval av Janus sine produkt (også bomull).  Janus er den siste store norske undertøysprodusenten, og er lokalisert utanfor Bergen. Janus har sidan 1895 forsynt det norske folk med varmt, godt undertøy. Vi kan tilby undertøy, strikkeplagg, tynne og tjukke raggar til dame, herre og born. Alt til ein fastpris som vi meiner er blant dei lågaste du finn på desse produkta.

Ull med silke

Spesielt vil vi nemne ei av storsatsingane til Janus : plagg i 85% ull og 15% silke. Ei eksepsjonelt mjuk og deilig blanding som også er anbefalt av legar, for spesielt sart hud og folk med eksem. Folk som aldri har brukt ull før, har byrja å bruke det etter å ha prøvt denne.

Besøk gjerne Janus sine heimesider også.

Restvarer og andresorteringar

Elles får vi frå tid til anna restparti og 2.sorteringsparti direkte frå fabrikk i Danmark. Dette ullundertøyet er blitt så populært at folk kjem frå heile distriktet for å sikre seg det. Dette er også kvalitetsundertøy til born og vaksne, og til prisar som du ikkje trur før du ser det.

Kom innom ein tur og sjå på utvalet!