Ver venleg å velje produktkategori frå nedtrekksmenyen!

Bestille på postordre:

Dersom du bur langt unna er det ingen grunn til å fortvile: du kan nemleg bestille varene du ser på denne sida og få dei levert i posten. Vi har ikkje nokon nettbutikk i ordets rette forstand, men har etterkvart ei god rutine for postordrebestilling likevel:

1. Send oss ein e-post med varenummera og størrelsane du vil ha, samt postadressa di.
2. Vi summerer saman og sender deg totalbeløp* og kontonummer i retur (*lik fraktpris for alle varer sendt med Norgespakke: kr 150,-).
3. Du overfører betalinga til kontoen vår.
4. Så snart pengane er framme (vanlegvis neste dag), spring ein av oss på posten rett over vegen frå butikken og sender varene dine av garde!